Nytt frå kommunestyret i Eid oktober 2019

Møteklubbe_Eid.png - Klikk for stort bilete

Kommunestyret i Eid hadde møte 3. oktober 2019.

Kommunestyret handsama 23 saker, og gjorde mellom anna desse vedtaka. Vedtaka var samrøystes der ikkje anna framgår. Alle saker og vedtak kan lesast på Eid kommune si heimeside.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 04.10.2019

Bygdebok for Eid
Eid sogelag har starta arbeid med å få utarbeidd ei samla bygdebok for Eid, eit arbeid som ikkje har vore gjort sidan 1950-talet. Bygdeboka er planlagt i fem bind, kvart på 500-700 sider. Kommunestyret vedtok å løyve 600.000 kroner for å få gjeve ut bind 1. Deretter vil salsinntektene for kvart bind finansiere det neste.

TV-aksjon 2019: CARE
TV-aksjonen 2019 går til CARE sitt arbeid for eit betre liv for kvinner i dei fattigaste landa i verda. Eid kommunestyre vedtok å gje eit bidrag på kr 3 pr innbyggjar, totalt kr 18.564.

Omsorgsbustader Myroldhaug
Kommunestyret vedtok å lyse ut nytt anbod på bygging av omsorgsbustader på Myroldhaug med ei auka kostnadsramme på 3,6 mill kr, og utan leskur og solcelleanlegg for å kutte kostnader. Prosjektet har tidlegare vore ute på anbod, men anboda låg då betydeleg over avsett ramme. Prosjektet er viktig for å betre tilboda innanfor psykisk helse og rus i Eid kommune.

Tilskot til Harpefossen Skisenter
Harpefossen Skisenter har søkt om tilskot på kr 280.000 til kjøp av belteutstyr på ei av trakkemaskinene sine. Skisenteret har utfordringar med likviditeten etter ein dårleg vintersesong 2018/19. Kommunestyret innvilga søknaden samrøystes.

Ny Skipenes bru
Statens Vegvesen har utarbeidd framlegg til detaljregulerignsplan for ny Skipenes bru på E39 gjennom Nordfjordeid. Undersøkingar av den gamle brua har synt det naudsynt med ny bru. Prosjektet vil også betre forholda for gåande og syklande. Reguleringsplanen vart godkjent av Eid kommunestyre. Arbeidet vil starte opp i desember 2019.

Bustadfelt i Mogrenda - makebyte
Kommunestyret vedtok ei makebyteavtale mellom Gandhi Eigedom og Eid kommune, med sikte på å legge til rette for utbygging av nye kommunale bustadtomter i Mogrenda i Eid, nær Hjelle skule. Kommunen vil etter avtalen disponere 21 mål som kan nyttast til bustadføremål.

Elsyklar til gratis utlån
Kommunestyret vedtok å løyve 250.000 kroner til å starte opp ei ordning med gratis utlån av elsyklar, som eit ledd i Eid kommune si satsing på sykkel og å få fleire til å velje klimavenlege alternativ til bil i i kvardagen. Eid kommune har også fått 250.000 kroner i tilskot frå staten til den nye satsinga (Klimasats-midlar).

Nasjonal ramme vindkraft
Eid kommunestyre vedtok ei høyringsfråsegn til NVE sitt framlegg til nasjonal ramme for vindkraft på land.

På møtet gjorde også Rådmannen greie for arbeidet med overgang frå Eid til Stad kommune frå 1.1.2020. Det blir konstituerande møte i Stad kommunestyre 24/10. Kommunestyret i Eid vil ha siste møte 5/12. Det vil då bli ei offisiell markering av at Eid kommunestyre avsluttar sitt arbeid. 

Nordfjordeid, 4. oktober 2019

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering