Nytt frå Nordfjordrådet

Nordfjordrådet.jpg - Klikk for stort bilete

Nordfjordrådet, regionrådet for Nordfjord, hadde sitt siste møte i 2019 på Nordfjordeid måndag 25. november. Til stades var ordførarane i Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy og Selje. 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 02.12.2019

På møtet vart Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad takka av etter to år som leiar i Nordfjordrådet. Alfred Bjørlo, Eid/Stad, tok over som ny leiar i rådet, med Per Kjøllesdal (ordførar i Stryn) som ny nestleiar.

 

På rådsmøtet var det orienteringar frå Helse Førde om Prehospital plan (ambulansetenesta), og om God Start-ordninga i Nordfjord. Kommuneoverlege i Florø, Jan Helge Dale, orienterte om felles uttale frå kommuneoverlegane i Sogn og Fjordane til Prehospital Plan, og om trongen for framtidig sterkt samarbeid mellom kommunane i dagens Sogn og Fjordane om samhandling om helseoppgåver.

Nordfjordrådet handsama mellom anna desse sakene:

Støtte til ny film om Stad skipstunnel

Nordfjordrådet er innstilt på å gje eit bidrag på 50.000 kroner til ein ny film om Stad Skipstunnel, som del av arbeidet med å sikre byggestart for Stad Skipstunnel i 2021.

Støtte til ME-forsking

Nordfjordrådet støttar juleaksjonen for ME-forsking, initiert av pårørande av MS-pasientar i Stryn, med 10.000 kroner. Det har vore arrangert to større fagkonferansar om ME i Stryn dei siste åra, og Nordfjordrådet ser det som vikktig å bidra til meir kunnskap om denne utbreidde sjukdommen.

Deltaking på Framtidsfylket sine karrieremesser 2020

Nordfjordrådet løyver 60.000 kroner til planlegging og gjennomføring av Framtidsfylket sine karrieremesser i Trondheim, Bergen og Oslo i 2020, som del av arbeidet med å sikre rekruttering til Nordfjord. Nordfjordrådet vil også delta på messene med eigen stand, i samarbeid med næringslivet i Nordfjord.

Nei til nedlegging av Statens Vegvesen sin kontrollhall på Nordfjordeid

Nordfjordrådet er sterkt kritiske til framlegget frå Vegdirektoratet om å legge ned Statens Vegvesen sin kontrollhall på Nordfjordeid, særleg av omsyn til næringslivet i Nordfjord. Mellom 60 og 80% av den samla bruken av kontrollhall for tunge køyretøy i Sogn og Fjordane skjer i dag i Nordfjord. Leiar i rådet fekk fullmakt til å utforme og sende inn ein uttale om saka til Samferdsleministeren.

Framtidig regionsamarbeid – felles formannskapsmøte i Nordfjord

Endra kommune- og fylkesgrenser frå nyttår gjer det nødvendig med ei samla vurdering av framtidig organisering av regionalt samarbeid i Nordfjord og elles i Sogn og Fjordane. Hornindal går ut av Nordfjordrådet, medan Kinn endå ikkje har avklart kva rolle dei vil ha i høve Nordfjordrådet.

Ordførarane som var samla meiner regionrådet har ei viktig oppgåve i å marknadsføre Nordfjord-regionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad. Ordførarane i Stad, Stryn og Gloppen ser det som naturleg at kommunane står saman i eit felles regionsamarbeid anten i Nordfjord eller i ein endå breiare konstellasjon, og ser det som sterkt ønskjeleg å ha Kinn kommune med i regionsamarbeidet vidare. Dei som skal flytte til og arbeide i Nordfjord, ser ikkje kommunegrensene. Samtidig har Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) teke initiativ til ei samling tidleg i 2020 for å diskutere eit breiare regionsamarbeid. Det er ein invitasjon Nordfjordrådet/ordførarane i Nordfjord vil takke ja til.

Konkret vil Nordfjordrådet gjere følgjande for å kome vidare i avklaring av framtidig regionsamarbeid:

  • Halde orientering i dei respektive kommunestyra om status for arbeidet i Nordfjordrådet før jul, bygd på Nordfjordrådet sin vedtekne strategiplan
  • Leiar/nestleiar inviterer seg på besøk i Kinn kommune
  • Arrangere samling for formannskapa i Nordfjord torsdag 16. januar på Stad hotell.
  • Delta i dialogseminar med SiS og Hardangerrådet på nyåret.

 

Nordfjordeid, 2. desember 2019

Alfred Bjørlo, leiar i Nordfjordrådet 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering