Nytt, frisk vatn i kranen!

IMG_9967.JPG - Klikk for stort bilete

Nordfjordeid vassverk er om kort tid ferdigstilt. Anlegget og bygget vert offisielt opna i høve kommunestyret 21. juni, men allereie no kan innbyggjarane i Eidsdalen og på Nordfjordeid som er tilknytt anlegget glede som over nytt og friskt vatn i kranane!

 

 

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 16.05.2018

Prøvedrift av det nye vassverket starta opp tysdag 8. mai. Reinseanlegget på Nord blei då køyrd i gang med pumping til høgdebassenga i Leivdalen og i Hogaåsen. Ei vellukka prøvedrift gjer at Eid kommune allereie no kan pumpe ut nytt drikkevatn med full forsyning frå Hornindalsvatnet til alle abonnentane! Leidninga frå det gamle bassenget på Fossane inn til høgdebassenget ved Myklebustsætra er no stengt av og pumpeanlegget ved høgdebassenget i Hogaåsen er starta opp slik at vatn frå Hornindalsvatnet vert overført til Myklebustsætra.

Reint og godt vatn

Drikkevatnet som innbyggarane no får i springen er henta frå 40 meters djupn. Vatnet har ein pH-verdi som ligg stabilt på 6,4. For optimal pH-verdi er vatnet tilset vassglas, som er langt meir skånsamt enn lut som vart brukt tidlegare. Den store skilnaden frå Fossevatnet og vatn frå Hornindalsvatnet er at drikkevatnet er klorfritt.

Det nye vassverket er eit stort prosjekt det har vore jobbe med i mange år. Anlegget har totalt kosta 79 millionar kroner og av dette er 15 mill. knytt til avløp. Mogrenda kloakkreinseanlegg er lagt ned og alle kloakk går no til reinseanlegget på Mehl.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering