Nytt regionalt miljøprogram (RMP) for Vestland, med regionale miljøtilskot

Beite_02.jpg - Klikk for stort bilete

 Felles fylkesmannembete gir felles regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane. Regionalt miljøprogram skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap, særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast.

I 2019 har Fylkesmannen i Vestland fått tildelt kr 58,7 mil i tilskotsmidlar til regionale miljøtilskot, som er eit av hovudverkemidla til regionalt miljøprogram.

Publisert av Unni Hermansen Torheim. Sist endra 15.08.2019

Det kan mellom anna søkjast på:

- tilskot til drift av bratt areal

  • slått og hausting til fôr på full- og overflatedyrka jord
  • produksjon for omsetning på frukt- og hagebruksareal

 

- tilskot til drift av beitelag - søknadsfrist 15.november 2019

- tilskot til slått av veglause areal

- tilskot til slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase

- tilskot til drift av seter i minst seks veker

- å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne

  • tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne
  • skjøtel av styvingstre som er styva i søknadsåret
  • tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for vipe, åkerrikse og storspove

 

- å redusere ureining

  • tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel
  • tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange i samband med nedfelling eller nedlegging
  • kantsone i eng utan gjødsling og sprøytemiddel med utvalde vassdrag

 

Søknadsfristen er 15. oktober, same som for produksjonstilskot. Det elektroniske søknadsskjema for miljøtilskot opnar 1. august i Altinn. Søk i heimfylket – Sogn og Fjordane. Treng du hjelp til å søkje, ta kontakt med oss på landbruk - tidleg!

NB! Sidan det er nytt program, må alle søknadsdata leggast inn på nytt, også registrering på kart for tilskot som må kartfestast.

Kven kan søkje? Alle føretak som søkjer om produksjonstilskot i jordbruket som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordingane, kan søkje.

Vilkår/trekk: Dette er eit miljøtilskot, manglar i gjødslingsplan og/eller journal over plantevernmidler (dersom du har sprøyta), får du 50 % til 100 % trekk i tilskot. Fråver av plan eller journal vil medføre 100 % trekk i tilskotet.

Les meir om regionalt miljøprogram og regionalt miljøtilskot på Fylkesmannen i Vestland si side.

Søknadshjelp: Vi har sett av tid for dei som treng hjelp med søknad torsdag 5. september frå kl 12.00 til kl 16.00 i kommunestyresalen på Eid rådhus og torsdag 12. september kl 19.30 til 22.00 i kommunestyresalen på Eid rådhus

Første halvtimen blir det felles informasjon om ordningane, deretter kan du ha med deg eiga datamaskin eller låne hos oss og fylle ut søknaden.

Ta kontakt med oss på telefon 97 99 10 51  eller 97 99 10 48  dersom de ynskjer å nytte dykk av søknadshjelp ein av desse dagane. De kan og sende epost til post@eid.kommune.no for påmelding.

 

 

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering