Offisiell opning av Sagastad 10. mai

Sagastad opning.jpg - Klikk for stort bilete

Fredag 10. mai skjer det: Då opnar Sagastad for publikum - eit kunnskapssenter om vikingtida i nasjonal toppklasse - her på Nordfjordeid!

Den offisielle opninga skjer kl 10.00 v/ Forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø. På vegne av Sagastad ønsker vi alle velkomne til opninga!
Her finn du program for opningshelga.

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 07.05.2019

Informasjon om prisar og åpningstider finn de på www.sagastad.no.

Under følger programmet for opningshelga:

Fredag 10. Mai: Offisiell opning av Sagastad
Kl. 10.00: Snorklippingsseremoni: det vert høgtideleg snorklipping ved forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø. Det blir eit musikalsk innslag ved Kjell Braaten og besøk av vikingar frå folkehøgskulen. Alle er hjarteleg velkomne!

- Dei 10 første besøkande i Sagastad får gratis inngang.

Kl. 14.00: Vi stenger senteret for å gjere klart til konserten med rigging og lydprøver.

Kl. 18.00: Dørene åpnar igjen for publikum – dei som skal på konsert kan kjøpe eigne konsertbillettar i inngangen eller kjøpe på https://tikkio.com/tickets/8944-einar-selvik-sagastad

- Kjell Braaten vil spele for publikum som ein velkomst til konserten.

Kl. 19.00: Konserten startar – Einar Selvik trer fram for å trollbinde konsertgåarane med sin vakre musikk. Vi har framleis ledige billettar, og vi anbefalar alle som kan å sikre seg ein billett, for dette blir ei fantastisk oppleving! Konserten varer ca 1 time.

Kl. 21.00: Dørene stenger


Lørdag 11. Mai – Familiedag:
Kl. 10.00: Senteret åpnar:
- Drilljentene framfører ein drilldans med vikingtema.
- Embla-kvinnene er på plass i Saga-parken med Emblaskipet og stand.
- Vi får besøk av to hestar frå Løken Aktivitetsgard som barna kan få ein ridetur med.
- Vikingar frå folkehøgskulen vil ha aktivitetar og leikar i Saga-parken.
- Magnifikk leverer mat som vi vil selge senteret.

Kl. 13.00: Konsert med MGPjunior-vinnar Oselie

Kl. 14.00: Forestilling med Kjell Braaten. Han er ekspert på vikingmusikk, vikinginstrument, og skal ha ei forestilling som er retta mot barn. Det vil likevel vere ein fin opplevelse for dei vaksne også.

Kl. 15.30: Embla-skipet si gudmor skal ha ein seremoni «Anchor of Peace», nede i parken. Seinare på kvelden arrangerar Embla-kvinnene eit fakkeltog for fred som skal gå gjennom Eidsgata.

16.00 Senteret stenger

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering