Kyrkja i Eid

Informasjon om kommunen

Nordfjordeid mot Vest - Klikk for stort bilete

 

                                     

 

Eid kommune ligg sentralt plassert midt i Nordfjord.

Her kan du vere med på ein virtuell rundtur i kommunen. (PDF, 14 MB) og Filmen Eid inviterer viser smakebitar frå kommunen360 grader bilete over Eid

Frå kommunesenteret Nordfjordeid er det kort avstand til dei andre kommunesentra i Nordfjord og søre Sunnmøre; Måløy, Stryn , Sandane og Ørsta/Volda. På 40-45 min. kan ein nå heilt ut til storhavet i vest og til høgfjellet og breen i aust. Nordfjordeid er eit kommunikasjonsknutepunkt ved at RV 15 frå Måløy til Otta krysser stamvegen E39 som går lang heile kysten frå Stavanger til Trondheim. Det er og nært samband til flyplassen på Sandane med daglege flyruter til Oslo og Bergen. Nordfjordeid er eit viktg handelssenter i Nordfjord, og her finn du viktige offentlege tenester for heile regionen som sjukehus, biltilsyn m.m.

Kommunen har markert seg sterkt som kulturkommune der både opera og rock har fått stor oppslutning. Her finn du det einaste operahuset utanom Oslo. Samlokalisert med Eid vidaregåande skule gjer det dette til ein flott læringsarena for unge nordfjordingar.  Eid var lokaliseringsstad for den første  eksersisplassen i landet.  I dag er "Plassen" eit flott parkområde og er arena for bl.a. spelet Elskhug og Eksis som har sitt utgangspunkt i den tid det var ekserserplass her.  Plassen er også arena for Malakoff rockfestival, rockfestivalen som fleire gongar er kåra som Årets festival av Norsk Rockforbund. Kvart år i juli må dette berre opplevast. 

Eid kommune har gode skular og barnehagar. Det vert bygd ny fleibrukshall og nytt omsorgssenter. Sommaren 2016 opna ein ny park med badeplass ved fjorden. Kommunen har som mål å ha byggeklare bustadtomter i alle deler av kommunen.

Næringslivet i Eid er mangfaldig med bedrifter som hevdar seg nasjonalt og internasjonalt, og spenner frå landbruk til elektro, trevareindusti og mekanisk industri.  Automasjon/elektromiljøet har spesialkompetanse innan byggautomasjon, automatisert driftskontroll, og har ein sterk vekst dei seinaste åra. Landbruket er ei stor næring i Eid, med ca. 200 gardsbruk i drift somforvaltar 25000 da innmark.

Eid Industrihus KF (DOCX, 26 kB) er Eid kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal av kommunalt næringsareal i samsvar med vedtekne arealplanar. Vidare skal Eid Industrihus KF kjøpe og selje næringsareal, oppføre/kjøpe/leige næringsbygg og drive utleige/framleige av desse.

Profilen til Eid kommune er "Eid inviterer", og på nettsida her finn du mykje nyttig informasjon om kommunen vår.

Nyttig informasjon (2)
     

Nyhetsfeed

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering