Oppstart av Energinettverk Nordfjord

Energinettverk Nordfjord.jpg - Klikk for stort bilete

Under Nordfjordrådet sin konferanse «Grøn næringsutvikling» i vinter, kom det innspel og ønskje om å etablere ein møtearena for energieffektivisering i private næringar og kommunale bygg.

Med bakgrunn i dette planlegg no Nordfjordrådet, i samarbeid med Enøk-senteret, eit energinettverk i Nordfjord med oppstart hausten 2018. 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 27.09.2018

Prosjektet er 3-årig, og det vil bli lagt opp til ein kursdag i halvåret for kursdeltakarane. Kursa vil bli halde rundt omkring i alle kommunane i Nordfjord, og rettar seg primært mot energieffektivisering i bygg på tvers av næringar. I tillegg til dei tekniske kursa, vil det bli lagt stor vekt på erfaringsutveksling og kompetanseoverføring mellom deltakarane i nettverket. Målgruppa er personar med ansvar for drift av bygg i offentleg og privat sektor, og det vil vere Enøk-senteret som står for det faglege innhaldet i kursa. Nordfjordrådet er prosjekt eigar og Enøk-senteret står for prosjektleiinga. Næringshagane i Nordfjord, Gloppen næringsorganisasjon, og Måløy Vekst stiller seg også positive til prosjektet.

«Nordfjordrådet vil vere ein pådrivar for grøn kunnskapsbasert næringsutvikling ved å legge til rette for kompetanseheving og samarbeid mellom kommunar og bedrifter. Eit Energinettverk i Nordfjord vil gje både kommunar og privat næringsliv eit lavterskeltilbod om kursing i teknisk drift av bygg. Deltakarane i prosjektet vil også få ta del i eit nettverk med stor grad av kompetanseoverføring og erfaringsutveksling» seier ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad.

Nordfjordrådet har søkt om tilskot frå ordninga klima- og miljøtiltak hos Sogn og Fjordane fylkeskommune, og har fått lovnad om kroner 420 000 fordelt på tre år. I tilsagnet heiter det at fylkeskommunen ser på Energinettverk Nordfjord som eit tiltak i tråd med Regional plan for klimaomstilling, spesielt knytt til temaet energibruk i bygg. Vidare vil eit slik nettverk og fokus på energieffektivisering både privat og offentleg, bidra til at fylket når sitt overordna mål om «saman få til klimaomstilling i Sogn og Fjordane».

«Vi er svært glade for støtta frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og at dei ser at eit slikt nettverk vil kunne vere med å bygge opp under den regionale klimaomstillingsplanen. Prosjektet hadde ikkje vorte realisert i slikt format utan støtta frå fylkeskommunen» seier dagleg leiar i Nordfjordrådet Roger Aa Djupvik.
«Ved å kurse deltakarane i drifting av bygg kan ein effektivt redusere energibruken i bygg med 5-10 %, noko som igjen vil gje direkte reduksjon av CO2. Gjennom prosjektperioden set vi opp seks kurs, eit kurs i halvåret då vi ynskjer ei jamn læringskurve for deltakarane. Kursa vil innehalde tekniske tema med fokus på vedvarande energisparing» seier Mariann Eik i Enøk-senteret som er prosjektleiar for Energinettverk Nordfjord.

Nordfjordrådet og Enøk-senteret ser no fram til å kome i gong med prosjektet. - Vi har fått positive tilbakemeldingar om deltaking både frå privat næringsliv og kommunar. Vi håpar difor på god
oppslutnad når vi no går i gong med å få invitere til oppstartssamling. E

Er det verksemder som kan tenke seg å vere med i nettverket, kan ein ta kontakt med Nordfjordrådet eller Enøk-senteret direkte.

Kontaktinformasjon Enøk-senteret:
Mariann Eik, prosjektleiar, 993 95 903, mariann.eik@enok-senteret.no

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering