Organisering

Den administrative delen av kommunen er organisert etter ein "flat modell" der avdelingane ligg direkte under rådmannen si leiargruppe. Leiargruppa består av rådmann og tre kommunalsjefar. Administrasjonen er organisert i fire rammeområde: rådmannsteam, teknisk og samfunn, helse og omsorg, oppvekst og kultur.

Under rådmannsteamet er det etablert ei ny organisasjonsavdeling som er samansett av tidlegare service- og fellessekretariat, og personalavdeling.  Rådmannen sin stab er utvida med kommuneoverlege og nokre rådgjevarar som skal bidra i den overordna styringa og utviklinga av Eid kommune.
 
Teknisk og samfunn omfattar Plan- og utviklingsavdelinga, Teknisk drift, Brann- og beredskap, Flyktningetenesta og vaksenopplæring og NAV og dagsenter.
 
Helse og omsorg omfattar Institusjonstenester, Interkommunale helsetenester, Vernepleien, Heimetenesta og Helseavdelinga.
 
Oppvekst og kultur omfattar barnehage, skule, Barnevernstenesta og Kulturavdelinga. 
 
Oversyn over alle avdelingane finn du her