Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik

Kommuneplan

Nordfjordeid mot vest - Klikk for stort bileteNordfjordeid mot vest Lars Lunde Sjå under for meir informasjon om kommuneplanane i Eid kommune.

Kommuneplanar og reguleringsplanar vert utarbeidd med heimel i plan- og bygningslova. I medhald av plan-og bygningslova av 27.juni 2008 § 11-1, skal kommunane ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel.

Overordna mål for utvikling av kommunen som samfunn og organisasjon

Kommuneplanen sin samfunnsdel fastset mål for utviklinga i kommunen som samfunn og organisasjon. Kommunedelplanar for tema og tenesteområde føl opp hovudtrekka i samfunnsdelen og fastset meir detaljerte mål innanfor temaet eller tenesteområdet. Både samfunnsdelen og kommunedelplanar for tema og tenesteområde vert følgt opp av handlingsdelen som konkretiserer kva tiltak som skal utførast for å oppnå riktig utvikling i kommunen som samfunn og organisasjon. Samfunnsdelen handlar om å setje mål for framtidig utvikling av samfunn og organisasjon, og strategiar som vil bli nytta for å prioritere kva kommunen skal jobbe med. Handlingsdelen skal vise korleis planen skal følgjast opp dei påfølgjande fire åra eller meir. Handlingsdelen skal reviderast årleg. 

Kommunplanen sin samfunnsdel 2013-2025 (PDF, 7 MB) vart vedteken av Eid kommunestyre 20. juni 2013.

Oversikt over kommunale planar.

 

Konkrete planar for arealbruk og -vern

Kommuneplanen sin arealdel føl opp hovudtrekka i samfunnsdelen og fastset føringar for bruk og vern av areal i kommunen. Arealdelen vert utdjupa av meir detaljrete reguleringsplanar. Arealdelen omfattar alt areal i kommunen, og viser m.a. område avsett til utbygging, landbruk og friluftsliv. Det går fram av arealplanen kva område som må regulerast (reguleringsplan) før tiltak kan setjast i verk, og planen viser område der det er høve til spreidd bustadbygging i LNF-områda.

Kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 vart vedteken av Eid kommuenstyre 4. juni 2015.

Sjå her for meir informasjon om reguleringsplanar og finn kommunen sine reguleringsplanar i digitalt planregister.

 

Planstrategi

Planstrategien gir eit oversyn over kva planarbeid som vert prioritert i kommunestyreperioden.

Planstrategien vart vedteken av Eid kommunestyre 6. oktober 2016.

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 12.01.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering