Planprogram for kommunedelplan for strategisk utvikling - offentleg ettersyn

 

Eid formannskap vedtok i møte 27. april 2017, F-sak 054/17, å legge forslag til planprogram for kommunedelplan for strategisk utvikling ut til offentleg ettersyn.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for at Eid skal vere ein attraktiv plass å bu, å tilbringe aktiv fritid og å arbeide og drive næring i åra som kjem.

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 10.05.2017

 

Kva er eit planprogram?

Eit planprogram er eit eige arbeidsdokument, som ikkje må forvekslast med sjølve kommunedelplanen.

Planprogrammet legg føringar for gjennomføringa av planarbeidet. I planprogrammet vert det bestemt kva tema ein skal arbeide med, korleis ein tenkjer å legge til rette for medverknad i planprosessen, korleis planarbeidet skal organiserast og kva framdriftsplan ein legg opp til.

 

Kva er ein kommunedelplan?

Ein kommunedelplan er eit styringsverktøy for kommunen. Føringane i kommunedelplanen vil påverke kva tiltak som vil bli prioriterte innanfor dette området.

Innhaldet i planen vil bli forma når planprogrammet er vedteke av Eid formannskap.

Har du innspel?

Planprogrammet er lagt ut til såkalla offentleg ettersyn av Eid kommune. Planprogrammet skal sikre at offentlege organ, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg i oppstartfasen av planarbeidet.

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planarbeidet og forslaget til planprogram. Til dømes om kva de meiner skal til for å utvikle Eid til å vere ein attraktiv plass å bu, å tilbringe aktiv fritid og å arbeide og drive næring i åra som kjem. Sjå eige innspelskjema (DOCX, 233 kB).

Frist for å kome med uttale er sett til 1. juli 2017.

Uttale skal merkast med «16/21484» og sendast per e-post: post@eid.kommune.no eller post til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Ynskjer du meir informasjon?

I saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket.

Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.

Vidare handsaming:

Når høyringsfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før planprogrammet vert lagt fram for endeleg behandling.

Det er venta at planforslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn i januar 2018.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering