Ordføraren

Ordføraren er den fremste folkevalde representanten i kommunen. Eid kommune har ordførar i heil stilling, og har kontor i Eid rådhus

Ordføraren er møteleiar for formannskap/kommunestyre og skal sjå til at saker som vert lagt fram for behandling er forsvarleg utgreidde. Ordføraren har elles møte-og talerett i alle kommunale styre, nemdner, råd og utval. Ordføraren er dei folkevalde sin fremste representant og  er kommunen sin juridiske person (rettslege representant) Ordførar vert vald for 4 år av gongen.

Alfred Bjørlo(V) er valt til ordførar for perioden 2015-2019.

Ordføraren har ei eiga, opa Facebook-side, der han legg ut informasjon om små og store daglege gjeremål. Du kan følgje sida her

Ordføraren har også ein eigen blogg, som du kan lese her