Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik

Næringslivet i Eid

Eid inviterer til innovativt næringsliv og stor arbeidsmarknadsregion. I kommuneplanen sin samfunnsdel er det sett som mål at næringsdrivande skal oppleve at det er lett å utvikle og etablere verksemder i Eid. Kultur og næring skal vere ei merkevare for Eid, og vi skal ha ei sentrumsutvikling som styrkar Eid sin attraktivitet i regionen.

Sydenstemning - Klikk for stort bilete

 Eid Inviterer er nettsida for profilering av kommunen og næringslivet i felleskap, og skal viser smakebitar av det vi har å tilby i Eid kommune.

Næringslivet i Eid er mangfaldig med bedrifter som hevdar seg nasjonalt og internasjonalt, og spenner frå landbruk til elektro, trevareindustri og mekanisk industri.  Eid skårar særleg høgt knytt til lønsemd i bedriftene, og veksten i næringslivet har vore stor dei siste åra.  Automasjon/elektromiljø med spesialkompetanse innan byggautomasjon, automatisert driftskontroll m.m. har hatt ein sterk vekst dei seinare åra.  Her er også eit sterkt konsulentmiljø med bedrifter innanfor byggteknikk, design.og arkitektur, plan-og prosjektering samt milj-og bedriftsrådgjeving.

Landbruksnæringa er framleis stor i Eid kommune med ca. 200 gardsbruk i drift som forvaltar 25000 da innmark.

Eid vidaregåande skule har eit sterkt skulemiljø som mellom annan har stort fokus på elektrofaga.  Skulen har m.a. starta arbeidet med eit eige energisenter i kommunen med fokus på miljøøkonomisering og fornybar energi, spesielt fjordvarme.

Her kan du vere med på ein virtuell rundtur i Eid kommune. (PDF, 14 MB)

Driftig finn du meir om entreprenørskap, korleis starte bedrift eller drive bedrift i Sogn og Fjordane.   Her kan du også  følgje med på kva som skjer i fylket.

Framtidsfylket er nettsida for alle som er interessert i å sjå meir kva fylket Sogn og Fjordane har å tilby av arbeidsplassar mm.  Her kan du legge inn CVen din om du er arbeidssøkjar, og bedrifter kan annonsere ledige stillingar.

Praktisk informasjon (1)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering