Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik

Næring i Eid

Næringsområde i Øyane - Klikk for stort bilete

 

Ynskjer du å starte bedrift?

 

Nordfjord Vekst AS er kommunane Eid, Selje og Vågsøy sitt felles regionale næringsutviklingsapparat.

Nordfjord Vekst AS er også kommunen sin næringslivskontakt og er kommunen si førstelineteneste retta mot gründera og bedrifter.

Spørsmål om bedriftsetablering eller bedriftsutvikling og spørsmål om tilskot frå det kommunale næringsfondet kan rettast til Nordfjord Vekst AS ved Annelin Fure.

Selskapet har hovudkontor i Måløy, men har kontordag onsdagar i Nordfjordeid sentrum. Kontorstad i Eid er Skreddarhuset, med adresse Øyane 12 6770 Nordfjordeid.

 Leitar du etter næringsareal?

 

Eid Industrihus KF er Eid kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal og utleige av kommunalt næringsareal i kommunen.

Vi har mellom anna eit større, byggeklart næringsareal i Eid industripark i Nordfjordeid. Reguleringsplanen for dette området finn du her.

Meir informasjon om kommunalt tilgjengeleg næringsareal for utbygging eller utleige får du ved å ta kontakt med dageleg leiar Svein Otto Melheim.

Kontaktinformasjon:

Tlf:                      91138974

E-post:               svein.otto.melheim@eid.kommune.no, post@eid.kommune.no

Internett:             www.eid.kommune.no  www.eidinviterer.no

postadresse:       Eid Industrihus KF, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

besøksadresse:   Skreddarhuset, Øyane 12, 6770 Nordfjordeid.

 

Eid kommune har i kommuneplanen sin arealdel elles avsett område for næring fleire stadar i kommunen.

Eid kommune ved plan- og utviklingsavdelinga har ansvaret for dei kommunale arealplanane, og du kan ta kontakt med avdelinga dersom du ynskjer nærare informasjon om arealplanane våre. Meir informasjon om kommundeplanen sin arealdel finn du elles her og reguleringsplanane for dei regulerte områda i Eid kommune finn du her.

 

VAKN AS - kulturbasert næring

 

VAKN står for Vårt akademi for kultur og næring skal bidra til å utvikle kulturbaserte næringar i Eid og Nordfjord-regionen.

VAKN held til i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og har fire kjerneområde for utviklingsarbeidet:
Kultur, FoU, næring, nettverk.

Ta kontakt med dagleg leiar Sveinung M. Pile dersom du ynskjer meir informasjon om den kulturbaserte næringa i kommunen.

VAKN AS
Operahuset Nordfjord
Sophus Lie-vegen 3
6770 Nordfjordeid

 
Dagleg leiar
Sveinung M. Pile
Tlf 97658367

 

Generell informasjon

 

Meir informasjon om næringsutvikling i Eid kommune finn du på sida Eid inviterer.

Du finn også Eid kommune, Nordfjord Vekst AS, Eid Industrihus KF og VAKN AS på Facebook.

Teneste (1)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering