Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik

Teknisk drift

Maurstadparken mot Eid rådhus - Klikk for stort bilete

Avdeling for teknisk drift har det daglege ansvaret for drift av kommunale bygg, kommunale vassverks- og avløpsanlegg, offentlege park- og grøntområder, samt kommunale vegar inkl. veglys langs kommunale vegar.

Tilsette ved teknisk drift

Tore Nyhammer-Taklo er driftssjef og har kontor på Eid rådhus, tlf. 901 94 837.

Strandpromenaden april 2008 - Klikk for stort bilete Eid sjukeheim - Klikk for stort bilete Maurstadparken mot Eid rådhus - Klikk for stort bilete

Kommunale bygg
Dei kommunale bygga i Eid omfattar rådhuset, skular, idrettsbygg, barnehagar, institusjonar for eldre- og sjuke, verkstad- og lagerbygningar, samt kommunale sosial- og utleigestadar. Kommunen har eigne vaktmeistrar og reinhaldarar for å ta seg av det daglege vedlikehaldet bygga.

Våre idrettsbygg, samt Valhall, er tilgjenegleg for leige til publikum, les meir her.


Kommunale vassverk
Eid kommune har 4 kommunale vassverk, og dei er :
- Nordfjordeid vassverk - sjå vassprøveresultat
- Kaldekloven vassverk (Stårheim og Haugen) - sjå vassprøveresultat
- Leivdal vassverk - sjå vassprøveresultat
- Ljådalsvatn vassverk (Kjølsdalen) - sjå vassprøveresultat
- Holmøyane vassverk - sjå vassprøveresultat


Det er avdeling for teknisk drift som har det daglege ansvaret for å sikre abonnentane drikkevatn i tilstrekkelig mengde og av tilfredsstillande kvalitet. Kommunale vassverk og private skal vere godkjende i samsvar med krav i Drikkevassforskifta. Teknisk drift har eigen vakttelefon for vatn og avløp, tlf. 959 49 012, der publikum kan melde i frå om mogelege feil på den kommunale vassforsyninga.

Kommunale avløpsanlegg
Avdeling for teknisk drift har ansvaret for drift av fleire avløpsanlegg rundt i kommunen. På Nordfjordeid blir avløpsvatnet ført fram til silanlegget på Mel. Avløpsvatnet blir ført dit via fleire pumpestasjonar. Avløpsvatnet frå silanlegget blir ført ut i fjorden, medan tørrstoffet blir køyrd til komposteringsanlegget på Reset. I Mogrenda er det eit biologisk renseanlegg som tek i mot avløpsvatnet og reinsar det før vatnet blir ført vidare til nærliggande resipient. Elles har kommunen 6 slamavskiljarar i tilknyting til byggjefelta i Åsen, Løkjaåsen, Torvik, Stårheim og Kjølsdalen. Driftsavdelinga har eigen vakttelefon for vatn og avløp, tlf. 959 49012, der publikum kan melde i frå om mogelege feil på den kommunale vassforsyninga.

Kommunale vegar
Teknisk drift v/uteseksjonen driftar og vedlikeheld i alt 113 km vegar. Av desse er om lag 78 km asfalterte vegar. Uteseksjonen har ansvaret for brøytinga på kommunale vegar og ved offentlege bygningar i Eid sentrum.


Teknsik drift har eigen brøytevakttelefon tlf. 902 92 410, der publikum kan melde i frå når det er vanskeleg å kome fram på vegane. Når det gjeld kommunale veglys, så er drifta av desse sett vekk, men meldingar om feil på veglys skal likevel meldast til avdelinga snarast råd.
 

Bustadtomter i Eid
Avdeling for teknsik drift har også ansvar for tildeling og sal av kommunale bustadtomter i Eid.

Kommuanle park og grøntanlegg
Avdeling for teknisk drift vedlikeheld i sommarhalvåret dei kommunale park- og grøntanlegga. Dei største areala ligg ved kommunale bygg i sentrum, parkar, vegrabattar, samt ved skulane og barnehagane på bygdene. Arbeidet består mest av plenklipping, men og vedlikehald av blomsterbed, stell av tre og tøming av søppelkorger i samband med områda.

Vakttelefonar

Artikkel (1)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering