Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik

Utsleppsløyve

Aløp til bekken - Klikk for stort bilete Når ein kjøper eit eldre bustadhus, hytte, turistbedrift og liknande verksemd, har ein plikt til å få/ kontrollere informasjonen om utslepp av sanitært avløpsvatn og eventuell søkje om utsleppsløyve.

 

Når ein kjøper eller byggjer eit nytt hus, er utsleppsløyve ordna av byggherre eller huset er kopla til offentleg avløpsanlegg. Uansett er det fornuftig å kontakte kommunen for avklaring.

Publisert av Stanislawa Voldsund. Ansvarleg Stanislawa Voldsund. Sist endra 25.01.2018

Ingen kan setje i verk utslepp som vert omfatta av forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg §1 utan at det er lovleg etter vedtak i medhald av §4 eller lovleg etter §5. Det same gjeld når utslepp vert vesentleg auka. Søknadsplikta gjeld uansett avløpsløysing. Det skal såleis søkjast om løyve også når avløp går til tett tank.

Kommunen som forureiningsmyndigheit har plikt både å krevje utsleppsløyve for alle forureinande utslepp av avløpsvatn og å føre tilsyn med avløp.

Dette gjeld for industri, heilårs- og fritidsbusetnad, små hussamlingar som samarbeider om ei felles avløpsløysing og med utslepp mindre enn 50 personekvivalentar (pe).

Det nye regelverket finn ein i kapittel 11, 12 og 13 i Forurensningsforskrifta.

Søknadsskjemaet "Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn frå hus og hytter" kan lastast ned ved å følgje linkane nedafor. Ein kan også sende e-post med emne: utsleppsløyve, til kommunen: post@eid.kommune.no med førespurnad om skjema og informasjonar og for avtale eit eventuelt møte med sakshandsamar om det er naudsynt.

Søknadsplikta gjeld og når avløp går til tett tank.

Skjemaet gjeld ikkje for kopling til offentleg avløpsnett. Dersom utsleppet kan koplast på til kommunalt nett gjeld andre krav enn det som vert omtala her.

Kommunen minner om at alle har plikt til å kople utslepp til kommunalt nett dersom nettet er i nærleik. Dette er heimla i forureiningslova § 23 og plan- og bygningsloven§ 27-2.

Grunneigar / ansvarleg eigar (tiltakshavar) har ansvar for å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å kunne handsame søknaden.

Handsaminga av søknaden startar når eit fullstendig utfylt søknadsskjema med alle naudsynte vedlegg ( A, C, D og F) ligg føre. Ein må altså medrekna tre vekes frist for eventuelle merknadar til nabovarsel, før ein sende søknaden til kommune. Kommunen handsamar søknaden innan seks veker frå fullstendig skjema med vedlegg er mottatt. Manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil dette kunne forsinke saksbehandlinga. Dersom er det søkt om unntak, gjeld ikkje den absolutte saksbehandlingsfristen på seks veker.

Her lastar du ned søknadsskjema og naudsynte vedlegg:

Søknadsskjema (PDF, 250 kB)

Vedlegg A (DOC, 41 kB)

Vedlegg C (DOC, 150 kB)

Vedlegg D (DOC, 284 kB)

Vedlegg F (DOC, 58 kB)

For prosjektering og utføring av avløpsanlegget gjelder føresegnene i plan- og bygningslovens § 20-1 og 2 vedrørande søknad om løyve til tiltak, godkjenning av føretak og ansvarsrett. Bygging av anlegget kan først starte når det føreligg ein utsleppsløyve frå kommunen.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering