Prestealléen 33 - klart for innflytting

IMG_4982.JPG - Klikk for stort bilete Den nye kommunale bustaden i Prestealleen er no ferdigstilt og klargjort for innflytting. Førre veke hadde Eid kommune og utbyggjar Veidekke Entreprenør AS v/Reidar Holmøy ein aller siste gjennomgang av nybygget. Det har vore ein god og ryddig byggjeprosess med ferdigstilling og overlevering frå entreprenør etter plan.

 

 

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 05.07.2017

Den gamle, nedslitne Prestealleen 33 bygd på 60-tallet er no erstatta med eit moderne bygg med totalt 9 bustadar, 3 i 2. etg. med 3 soverom og 6 i underetasjen. Leilegheitene oppe er på kring 90 kvm og berekna for større familiar. Dei 6 leilegheitene i underetasjen er tilpassa einslege og er på kring 33 kvm. Leilegheitene er lyse og moderne, lettstelte og med innlagt fjordvarme.

Bustadane er i fyrste rekkje tiltenkt flyktningar, men vil etter behov også bli nytta av andre som treng hjelp til bustad. Dei fyrste bebuarane, to einslege vaksne frå Eritrea, er allereie på plass i kvar si leilegheit nede. Denne veka skal etter planen ein syrisk familie på 5 inn i ei av leilegheitene i 2 etg. Innflytting i dei resterande leilegheiter vil skje etter behov utover sommaren og hausten.

Bygging av dei nye kommunale bustader i Prestealléen 33 er ein del av Eid kommune sin bustadsosiale handlingsplan som vart vedteken av Eid kommunestyre i 2013. Flyktningtenesta i Eid kommune har ansvar for busetting og oppfølging av flyktningane som kjem; ta dei i mot og hjelpe dei i etableringsfasen slik at prosessen skal bli best mogleg.

 

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering