Privat reg.plan - Naustområde i Ålund - melding om vedtak

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Plan-logo fotograf Asbjørn Tverberg

Med heimel i plan- og bygningslova § 27-2 har kommunestyret i Eid i møte dato29.04.10 godkjent reguleringsplan for Stårheim sentrum naustområde i Ålund (sak nr 23/10).

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 31.05.2010

Godkjent plan og planvedtak er tilgjengeleg i servicekontoret i Eid rådhus til 18.06.10 Reguleringsplan og sakspapir (vedtak) kan nåast via lenkjene nedanfor. Papira kan også sendast på førespurnad.

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. § 15 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, innan 18.06.10.

Krav om erstatning etter § 32 nr. 1 i plan- og bygningslova skal vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa. Krav om erstatning etter § 32 nr. 2 skal vere sett fram seinast 3 månader etter at byggeløyve er gjeve innanfor planområdet. Krav om innløysing av grunn etter plan- og bygningslova § 42 fyrste ledd skal vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Tenestestad (1)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering