Reg.plan gang- og sykkelveg Mogrenda – Nor – Kunngjering av vedtak

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Plan-logo fotograf Asbjørn Tverberg

Med heimel i § 12-12 i plan- og bygningslova av 27.06.2008 nr.71 har kommunestyret i Eid i møte 29. mars 2012 (K-sak nr. 32/12) godkjent reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor.

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 16.04.2012

Godkjent plan og planvedtak er tilgjengeleg i servicekontoret i Eid rådhus til 7. mai 2012. Reguleringsplan og sakspapir er også tilgjengeleg via lenkje nedanfor.

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12- 12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, innan 7. mai 2012.

Fristar for krav om innløysing av grunn følgjer av § 15-2 i plan- og bygningslova. Fristar for krav om erstatning følgjer av § 15-3 i plan- og bygningslova. Kommunen har innan 10 år etter denne kunngjeringa høve til å gjennomføre oreigning for å sikre gjennomføringa av planen, jf. § 16-2 i plan- og bygningslova.

 Lenkje til saksdokumenta.