Regional transportplan 2018-2027

Stigedalen - Klikk for stort bilete Sogn og Fjordane fylkeskommune har no utarbeidd Regional transportplan (RTP) for perioden 2018-2027. Eid kommune skal gje uttale til denne planen, og ønskjer innspel og synspunkt frå innbyggjarane innan 01. september 2017. Planframlegget kan de lese her.

Publisert av Elin Leikanger. Sist endra 09.08.2017

 Fylkekommunen har utarbeidd fire ulike dokument:

- Regional transportplan 2018-2027

- Regional transportplan, handlingsprogram 2018-2021

- Utgreiing Kystvegen

- Gå- og sykkelstrategi

Føremålet med offentleg ettersyn er å gje offentlege organ, grunneigarar, private, næringslivet og andre interessentar høve til å kome med sine synspunkt planen før den vert endeleg vedteken av fylkestinget. Planen vil vere styrande for tiltak på fylkesvegnettet i planperioden.

Send dykkar synspunkt på e-post til post@eid.kommune.no eller pr brev til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid innan 01. september. Fylkeskommunen sin høyringsfrist er 30 september 2017.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering