Regionalt miljøtilskot i landbruket

Minner Brekesauer - Klikk for stort bilete om at søknadsfristen for tilskot til regionalt miljøtilskot i landbruket er 10.november 2018 og at det vert trekt kr 1000,- pr dag for leverig etter fristen.

Publisert av Unni Hermansen Torheim. Sist endra 07.11.2018

Tilskot til drift av beitelag er ein del av regionalt miljøtilskot i landbruket (RMP). Tilskotet kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmark og redusert tap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak.

Søknadsfristen er 10. november og det vert trekt kr 1 000 pr dag for levert søknad etter søknadsfristen. Vi oppmodar alle om søkje elektronisk via Altinn. Lenke til søknadsskjema og rettleiing til elektronisk søknad kan de finne her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/regionalt-miljotilskudd/organisert-beitebruk.

De kan også finne meir informasjon om RMP og organisert beitebruk på fylkesmannen si nettside https://www.fylkesmannen.no/sfj/organisertbeitebruk/ .

Ver spesielt merksame på at når de har vore inne på søknaden ein gong og valt fylke, vil du finne att søknaden under Registrerte søknader neste gang de går inn.

Søknadsinformasjon

Beitelaget må vere registrert med organisasjonsnummer i einingsregisteret i Brønnøysund for å kunne søkje om driftstilskot.

 Det er den som står som kontaktperson for laget i Brønnøysundregisteret som kan søkje. Det er mogleg å delegere dette ansvaret, dette må også gjerast i Altinn. Dersom beitelagsleiaren er ny må den tidlegare leiaren gi rettigheiter til den nye.

 Medlemmane i beitelaget må ha organisasjonsnummer for at opplysningane skal kunne registrerast. Dette får dei gratis med å registrere seg i einingsregisteret.

 Søknaden for 2018 vil vere førehandsutfylt med namn på medlemmane som var oppført i søknaden året før

 Søknaden skal registrerast på den kommunen som hovuddelen av beitelaget sitt beiteområde er

 Det er tal dyr slept og sanka på utmarksbeite som skal registrerast

Viktig! Fyll inn merknadsfeltet med opplysningar om aktiviteten i laget og tilbakemeldingar til Fylkesmannen. For å få tildelt driftstilskot er det krav om tilbakemelding om:

o Disponible midlar pr. 01.10.2017 og 01.10.2018

o Dato for årsmøte

o Kva laget har brukt midlar til i løpet av året og ev. kva laget sparar midlar til

o Vurdering av beitesesongen og tapstala

Det er mogleg å laste opp vedlegg, til dømes årsmelding, og sende dei med søknaden dersom det er lettare enn å bruke merknadsfeltet. Sjå framgangsmåte i brukarettleiinga. Kom gjerne med innspel til Fylkesmannen sitt arbeid med beitebruk. FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/2

  1. Endringar i beitelagsområdet skal sendast separat til kommunen som følgjer opp slik at dette vert endra i beitelagskartet hos NIBIO

Utbetaling av driftstilskot

Førebelse satsar er kr 8,- pr. heimsanka småfe og kr 16,- pr. heimsanka storfe for dyr som har vore på utmarksbeite i minst 8 veker. Tilskotet vert utbetalt til beitelaga i mars 2019.

Spørsmål

Eventuelle spørsmål kring søknaden om driftstilskot til Organisert beitebruk kan rettast til kommunen.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering