Reguleringsplan gang- og sykkelveg gjennom Mogrenda - midlertidig forbod mot tiltak

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Plan-logo fotograf Asbjørn Tverberg

Planområdet for gang-og sykkelveg gjennom Mogrenda er utvida.  I samband med dette, er det sett ned eit midlertidig forbod mot tiltak i det utvida planområdet.    Les saksutgreiing her

Publisert av Therese Hjelmeset. Sist endra 25.11.2010

I medhald av plan-og bygningslova av 27.06.2008 nr. 71 § 13-1,  jf. delegeringsreglement av 25.06.2009, har Teknisk styre i møte 10.11.2010. i TS-sak 097/10 vedteke at oppretting av eigedom eller tiltak etter pbl. § 1-6 og andre tiltak som kan gjere planarbeidet vanskeleg, ikkje kan setjast i gang før planspørsmålet innanfor det utvida planområdet for rv 15 med tilhøyrande tilkomstvegar gjennom Mogrenda er endeleg avgjort.

 Dette er likevel ikkje til hinder for at kommunen kan samtykke i at tiltak som nemnt i saksutgreiinga kan gjennomførast dersom det etter kommunen sitt skjønn ikkje vil hindre planlegginga.Er planspørsmålet ikkje endeleg avgjort seinast fire år etter at forbod er nedlagt, fell forbodet bort.