Samarbeid gjev resultat!

Flyktningtenesta Eid - Klikk for stort bilete

Nær 70% av nye flyktningar som har gjennomført introduksjonsprogram i Eid, går direkte vidare til arbeid eller utdanning. Det syner nye tal frå IMDI. Resultata i Eid er langt over lands- og fylkessnittet på ca 50%.

- Arbeid og utdanning er nøkkelen til god integrering og eit godt liv vidare for dei som kjem til Noreg som flyktningar. Dette betyr utruleg mykje både for kvar einskild flyktning og for heile lokalsamfunnet.

Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 26.10.2018

- Godt samarbeid på tvers er den viktigaste årsaka til at vi har lukkast så godt, seier leiar i flyktningtenesta i Eid, Rune Engeseth. - Mange fortener takk og honnør for dei resultata vi no ser. Særleg viktig er det tette samspelet mellom Flyktningtenesta, Vakseopplæringa, InVia, NAV, Eid og Firda vidaregåande skular. Mange bedrifter og kommunale avdelingar i Eid har også teke imot flyktningar på språk- og arbeidspraksis.

22 flyktningar avslutta introduksjonsprogrammet i Eid i 2017. Av dei gjekk 15 rett vidare til arbeid eller kvalifiserande utdanning. Tala for 2018 ser ut til å bli om lag på nivå med 2017. Eid har også lukkast godt med å få einslege mindreårige flyktningar vidare i utdanning og arbeid. Det kjem i tillegg til tala som no kjem frå IMDI.

- Vi har investert mykje i å bygge opp god kompetanse på integrering av flyktningar i Eid og Nordfjord. Tala syner at vi har lukkast. Det er no særs viktig at vi får høve til å byggje vidare på det langsiktige arbeidet vi har starta - og at IMDI prioriterer busetjing av nye flyktningar i vår kommune, seier Engeseth og Bjørlo.

- Noko som er unikt i Nordfjord, er at vi har fått på plass skreddarsydde utdanningsløp for flyktningar som fører rett ut i det lokale arbeidslivet. - Her har ikkje minst samarbeidet med Firda vidaregåande skule vore viktig, seier Rune Engeseth. - Vi har allereie gode røynsler med utdanningsløp for flyktningar innan helsefag og tannlegesekretær-utdanning. No i haust blir det også starta opp eit utdanningsløp  innanfor betong-, plast- og komposittfag i samarbeid med Firda Vgs og NAV Gloppen, og det er starta utdanningsløp innanfor reinhaldsfag i samarbeid med arbeidsmarknadsbedrifta InVia.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering