• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Personopplysingar

Før du gjev opp personopplysningar må du samtykkja i personvernerklæringa

Personvernerklæring
Personvernerklæring for elektronisk skjemadialog frå ACOS AS.

Definisjonar (def. Personopplysningsloven § 2)
Personopplysning: opplysingar og vurderingar som kan knytast til enkeltperson
Behandlingsansvar: den som avgjer formålet med behandlinga av personopplysingar og kva hjelpemiddel som kan nyttast (Eid kommune)
Databehandlar: den som behandlar personopplysingar på vegne av den behandlingsansvarlege

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet ivaretakast av ACOS AS som databehandlar av personopplysingar. ACOS ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal kjenne deg trygg på at gjeldande lover og reglar føljast og at datasikkerheita er teken vare på. Sikker behandling av data vil til ei kvar tid kunne dokumenterast etter gjeldande bestemmingar. ACOS AS er berre databehandlar av personopplysingane, mens det er instans som tek imot (Eid kommune) som er eigar av data og er behandlingsansvarleg. Eigarforholdet regulerast av ein eigen databehandlaravtale.

Føremålet med behandling av personopplysingar
Opplysningar som du skriv inn sendast over til behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å saksbehandle din førespurnad. Opplysingane som blir samla inn om deg behandlast på same vis som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personvern
Denne personvernerklæringa føljer bestemmingane i Lov om behandling av personvernopplysingar (personopplysningsloven) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Personopplysingar
Dersom du kjenner at ditt personvern er sikra gjennom denne erklæringa, samtykkjer du til lagring ved å opprette din brukarprofil. Samtykkje gjevast som godkjenning av våre retningsliner for personvern og samtykkje for behandlingsmåten av opplysingane.

Lagring av opplysingar
Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID kan du når som helst velje å avbryte utfylling av skjermdialogen og eventuelt hente den opp att for vidare utfylling seinare. Opplysingane du har tasta inn vil ligge lagra på vår server, og vil ikkje vere tilgjengeleg for mottakar, som er kommunar og fylkeskommunar, før du avgjer deg for å sende inn skjemaet/søknaden. Når du har valt å sende inn, har du samstundes gitt samtykkje til at mottakar kan ta i mot opplysingane. Så snart skjema/søknaden er sendt over til behandlingsansvarleg, slettast innhaldet frå databehandlar sin server (seinast innan 3 døgn). Vel du å avbryte utfyllinga for å hente den opp att ved seinare høve vil opplysingane berre vere tilgjengeleg i 72 timar før dei vert sletta. Utvalt skjema er mogleg å langtidslagre på serveren til leverandør (ACOS AS). Nøkkelopplysingar frå desse søknadane vil automatisk hentast opp når du startar ein ny søknadsprosess. For langtidslagringa gjeld ei utvida personvernerklæring. Du vil få tilbod om å langtidslagre dei innsendt skjema det er mogleg å lagre.

Sikker linje
Alle opplysingar som overførast mellom di datamaskin og vår server går over sikker kryptert linje (SSL). Løysinga tilsvara sikkerheita som er nytta i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysingar
Du kan når som helst be om å sjå kva opplysingar vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å sende ein e-post til post@eid.kommune.no. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysingane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv foreta sletting. Dette er jf. Personopplysingsloven § 18 og retting etter same lov § 27 og § 28.

Unnlat samtykkje
Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteningsportalen vår i ACOS Interact – i forhold til elektronsike søknadsskjema. Du må då rette ein førespurnad til organisasjonen på anna vis.

Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.

Førespurnadar
Dersom du har spørsmål rundt personvernerklæringa, kan du ta kontakt med oss her:

Eid kommune
post@eid.kommune.no
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
57 88 58 00