Seljumannamessa 2019

Biskop Kari Veiterberg - Klikk for stort bilete

Årets Seljumannamesse blir noko enklare enn fjorårets, men fin likevel! 

SELJUMANNAMESSA PÅ SELJA SØNDAG 7. JULI KL. 12:

Predikant er biskop i Oslo, Kari Veiteberg.

Det vert også konsert i Selje kyrkje laurdag 6. juli kl 18.00 

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 07.06.2019

SELJUMANNAMESSA PÅ SELJA SØNDAG 7. JULI KL. 12:

 

Predikant er biskop i Oslo, Kari Veiteberg.

Elles i gudstenesta medverkar flinke musikarar frå regionen under stødig leiing av organist Jon Inge Sigerland. Vi prøver også få til eit prosjektkor.

 

Doris Hammersvik og Per S. Røyset er uvurderlege på den praktiske sida.

Sokneprest i Selje, Eli-Johanne Rønnekleiv, er liturg.

Kollekten går til Seljumannamessekomiteen.

 

Båt frå Norled går frå Selje til Bø på Selja ca kl. 10.45 med retur ca. kl. 14.15. Billett kr. 200,- Vipps og betaling med kort blir mulig.

 

Og om du vil bidra i det liturgiske prosjektkoret, eller med praktisk arbeid - gje kyrkjekontoret i Selje ei melding.

Be om godt og lagleg vêr! Kle og sko deg etter forholda! Ver vel møtt på Selja, til gudsteneste i klosterruinane!

 

KONSERT I SELJE KYRKJE LAURDAG 6. JULI KL. 18:

Medverkande er Malin Alander med «Draumkvedet», Line Dybedal, Bjørn Inge Berge og Jon Inge Sigerland.

 

Bill. kr. 200,- ved inngangen.

Born under 12 år gratis.

 

 

 

 

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering