Servicevarslingar frå Eid kommune

telefon.jpg - Klikk for stort bilete

Eid kommune brukar eit varslingssystem som set kommunen i stand til å varsle innbyggjarar via SMS. Kommunen kan med dette effektivt varsle heile eller avgrensa delar av kommune om hendingar, t.d. brot i vassforsyning.

Du kan sjølv sjekke om du vil motta slike varsel frå kommunen via nettsida www.servicevarsling.no.  Trykk på valget "Sjekk din oppføring".

- Om du ikkje mottek slike varsel kan det vere at du ikkje er registrert med aktuelt mobilnummer. 

- Har du jobbtelefon så kan det vere at du ikkje mottek varsel.

- Har du nettopp flytta til eller er leigetakar på ei adresse i kommunen må du sjekke om du er registrert for mottak av varsel.

- Har du skifta mobilnummer så må du sjekke at du er registrert for mottak av varsel frå kommunen.

Du må sjølv registrere aktuelle mobilnummer du ønskjer å blir varsla til på nettsida www.servicevarsling.no.

Eid kommune oppmodar innbyggarane om å sjekke om ein er registert for mottak av slike meldingar, og ev. legge inn sitt mobilnummer viss det ikkje er registrert. Registrer deg då med gateadresse eller matrikkeladresse (gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer / seksjonsnummer dersom du har det) for din eigedom.

 

Teknisk drift

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering