Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik

Kva er digitale skjema?

Digitale skjema er enkle og brukarvenlege skjema som stegvis tek deg gjennom søknadsprosessen til ein teneste som kommunen vår tilbyr. Vi legg fortløpande ut nye tenester som du kan nytta.

Sist endra 15.03.2017

Fordelen med eit digitalt skjema er at det er tilgjengeleg når som helst frå kvar som helst. Skjema du fyller ut inneheld kontrollfelt som gjer at du kan vera sikker på at alt er fylt korrekt ut før innsending. Skjema er bygd opp etter Elmer 2 standarden, som er ein offentleg standard for korleis skjema skal presenterast for brukarane.

Når du loggar deg inn vil skjemaet innehalde menypunkt til venstre, sjølve registreringsfelta i midten og hjelpetekstar til høgre i biletet. Du kan fritt bevege deg mellom dei ulike felta og mellomlagre skjema undervegs. Når du er ferdig med å fylle ut skjemaet får du ei oppsummering og kan sende skjemaet. Skjemaet vil då bli registert i vårt fagsystem og vi kan starte handsaminga av søknaden din.

Du får også historikk over tidlegare innsende skjema, og du kan bruke informasjonen frå eit tidlegare eit skjema til å fylle ut eit nytt.

Skjemakategori

Bustad og Eigedom Ledige stillingar
For tilsette NAV
Gebyr, faktura og abonnement Næringsliv
Generelle førespurnader Offentlege vegar
Helse-og sosial Skule og barnehage
Husbanken Støttekontakt
Jakt og Fiske Timebestilling
Kultur og fritid Vatn, kloakk og miljø
Landbruk

Logg inn


 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering