Skal du brenne jonsokbål? Les dette først

Bål.jpg - Klikk for stort bilete Skal du brenne jonsokbål er det ikkje er naudsynt å kontakte oss om bålbrenning knytt til dette.

Dette gjeld i Selje og Eid kommune.

 

Det generelle regelverket som seier at det er tillat å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann gjeld. Dette kan være i strandkanten eller liknande.

Vi ynskjer likevel at det vert gitt melding til Alarmsentralen om kvar det vert tent bål for å redusere sjansen for unødvendige utrykkingar, dette gjer du ved å fylle ut følgande skjema  eller ringe dei på 57 75 14 00. Dette er særskilt viktig i områder der ein lett kan misstolke bål eller røyk til å være ein reell brann.

Det vil ikkje bli gitt tilbakemelding på desse skjema, heller ikkje på om det er «openbart ikkje fare for brann/spreiing» eller ikkje. Den som tenner bålet står ansvarlig for dei vurderingane som vert gjort.

Før bål vert tent må ein tenkje på fyljande :

  • Plassering må være etter §3 i forskrift om brannforebygging: openbart ikkje fare for brann. Les meir her
    • Den som tenner bålet har det totale ansvaret for bål brenninga, og skal ha grunneigar sitt løyve.
    • Sløkkemiddel som vass-slange/bøtte bør være klargjort i nærleik av bålet.
    • Vindretning og styrke må vurderast.
    • Ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna som kan ta fyr.
    • Ikkje bygg bålet for stort.
    • Miljøfarlige og forureina material er det ikkje tillat å brenne, kunn reint treverk.
    • Sørg for at barn held avstand, - kle dei gjerne i naturstoff som bomull og ull. Kunststoffer er lett antenneleg og smeltar ved sterk strålevarme.
    • Bålplassen må ikkje forlatast før bålet er fullstendig sløkt.
    • Kjem bålet ut av kontroll ring straks brannvesenet på telefon 110 !
Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 20.06.2019

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering