SMIL-tilskot og tilskot til drenering- no skal du søkje digitalt

Kvernhus - Klikk for stort bilete

Frå i år skal tilskotsordningane SMIL-tilskot og dreneringstilskot inn i den elektroniske søknadsportalen Agros.

Tilskot til avløysing ved sjukdom ligg allereie i dette systemet.

Eid kommune har fått kr 330.000,- i SMIL-midlar og 190.000,- i dreneringsmidlar.

Når du skal søkje loggar du inn på Altinn via innloggingssida.

 

Når søknaden er innsendt hamnar den automatisk hjå den kommunen søknaden gjeld. Når søknaden er ferdig handsama, vert svaret tilgjengeleg i Altinn.

Den nye søknadsportalen gjer det lettare og raskare for deg som gardbrukar og/eller eigar av landbrukseigedom å søkje på dei aktuelle tilskotsordningane.

 

Ver merksam på at søknader der du har påbyrja arbeidet eller prosjektet er ferdig utført - ikkje vil bli innvilga tilskot.

Søknadsfrist for SMIL og drenering er 30.04.2019

Orientering om tilskotsordningane for SMIL finn du her.

Orientering om tilskot til drenering finn du her.

 

Strategiplan for spesielle miljøtiltak i landbruket 2017-2020 (PDF, 861 kB)

 

Les meir om spesielle miljøtiltak i jordbruket ( SMIL-midlar ) på Gloppen kommune si heimeside.

 

 

 

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 08.03.2019

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering