Søknad om produksjonstilskot

Fotograf: Trine Alme
Hest i beite fotograf Trine Alme

Søknadsfrist 20.1 2013, som i 2013 fell på ein søndag. Du har derfor høve til å levere søknaden 21.1 2013 utan å få trekk i tilskotet på grunn av for sein levering. Teljedato (registreringsdato) er 1.1 2013.

Statens landbruksforvaltning (SLF) ønskjer at fleire skal nytte elektronisk søknad når dei skal søkje om produksjonstilskot og tilskot til avløysing til ferie og fritid.

Frå søknadsomgangen 20. januar 2013 vert ikkje lenger søknadsskjema for produksjonstilskot i landbruket sendt ut til søkjarane på papir. Det vert framleis sendt ut informasjonsmateriell og rettleiing til pålogging via Altinn, og det vert sendt ut SMS med oppmoding om å søkje elektronisk. Dei som ikkje søkjer elektronisk må skrive ut eit papirskjema frå SLF sine nettsider www.slf.dep.no eller få hjelp frå kommunen. Du kan nytte MinID, BankID, Buypass eller Commfides for å logge deg på Altinn. 

Fordelar med elektronisk søknad:

  • Meir rette søknadsdata fordi opplysningane vert kontrollert før levering
  • Redusert arbeid for forvaltninga
  • Meir effektiv sakshandsaming

Det er laga to rettleiingsfilmar for å informere om elektronisk søknad. Ein film viser korleis de loggar på og sender søknad elektronisk, og ein som viser kvifor de bør søkje elektronisk. Den siste er det den «halvøkologiske» sauebonden Odin Jensenius som står for. Filmane finn du her.

Gå inn på SLF si heimeside for å lese meir om produksjonstilskot 2013.

Ta gjerne kontakt med oss her på Rådhuset om det er noko du lurer på! Ragnhild Fænn Totland, 57 88 58 70 eller Trine Alme, 57 88 58 73.

Publisert av Trine Alme. Sist endra 28.12.2012
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering