Søknadsfrist for produksjonstilskot og regionalt miljøtilskot 15.10.2018

Beite.jpg - Klikk for stort bilete

1. oktober 2018 opnar Landbruksdirektoratet for ny søknadsrunde for produksjonstilskot – siste søknadsdag/frist 15. oktober 2018. Teljedato for dei med husdyr er 1. oktober 2018. 

Del 2 av produksjonstilskotssøknaden gjeld både føretak som driv med husdyrproduksjon og føretak med planteproduksjon.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 28.09.2018

I denne søknadsomgangen kan du søkje på:

• tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2018
• tilskot for husdyr (unntatt ammegeit og sau)
• tilskot til økologisk areal og husdyrproduksjon
• tilskot for bevaringsverdige husdyrraser
• distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland
• areal- og kulturlandskapstilskot
• tilskot for dyr på beite
• tilskot for dyr på utmarksbeite
• driftstilskot til mjølkeproduksjon
• driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon

Dersom du ikkje har alle søknadsdata klare før søknadsfristen så send likevel søknaden inn slik at den blir registrert innan søknadsfristen. Etter søknadsfristen og fram til 29. oktober kan de gå inn å rette og legge inn søknadsdata de ikkje hadde klare før de sende søknaden. Etter at de har igjenopna, retta og lagt inn søknadsdata hugs å trykk send for å få registrert det nye i søknaden. Frå den 1. januar 2019 fram til 10. januar 2019 blir systemet opna opp igjen slik at de kan legge inn tal kg frukt og bær og avløysarutgifter de har hatt i 2018, samt heimsanka dyr frå utmarksbeite dersom de ikkje hadde fått heim i oktober. 

Hugs at denne gongen er 2 søknader de må sende inn/søkje på.  Både PT og RMP har søknadsfrist den 15. oktober.
Det nye for RMP ordninga i år er at alle som har eit bratt areal som dei har hausta fôr på kan søkje på dette tilskotet. Det er ikkje lenger krav om at minst 20 % av slåttearealet ein disponerer må vere bratt, og det er ikkje noko øvre avgrensing på utbetaling eller tal dekar pr føretak innan tiltaket. Føremålet er å skjøtte bratt areal som eit særpreg for kulturlandskapet i fylket, og å gje eit driftsvansketilskot for hausting av fôr i arbeidsintensivt terreng. Tiltaket gjeld også fulldyrka og overflatedyrka areal som vert brukt til hagebruk, der er ikkje krav om hausting av fôr. Arealet som vert skjøtta skal i si heilheit markerast på kart i søknaden.

Vilkår:
• Arealet må slåast og haustast som fôr minst ein gong kvart år. Areal som berre vert beita
  eller beitepussa kan ikkje godkjennast. Krav til hausting av fôr gjeld ikkje for hagebruksareal.

For RMP søknad kan de søkje etter fristen den 15. oktober, de får då kr 1000,- i trekk for kvar dag som går fram til tjue dagar etter frist då søknaden blir avvist.

NB!!! For dei som søkjer produksjonstilskot er 15. oktober absolutt siste frist. Prøver du å søkje etter denne datoen kjem du ikkje inn i systemet, då det er stengt og du går glipp av tilskotet. Det er ikkje opning for dispensasjon frå søknadsfristen fordi du har gløymt å søkje.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering