Spelemidlar 2019 - Innspel til handlingsprogram 2019 - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet - Frist for innspel 20.august 2018

Fotballmål.jpg - Klikk for stort bilete Skal du søkje om spelemidlar?

For å kunne søkje om spelemidlar må anlegget ligge i handlingsprogrammet i kommunedelplanen for Idrett og fysisk aktivitet i Eid kommune.

 

Kva betyr rullering av handlingsprogrammet?

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet vart vedteken av Eid kommunestyre den 12.12.2013. Kommunedelplanen inneheld eit Handlingsprogram som blir rullert årleg. Handlingsprogrammet gjev mellom anna ei oversikt over kva anlegg som det er planlagt å søkje spelemidlar for, og det er også eit vilkår for å kunne søkje spelemidlar at anlegget ligg inne i handlingsprogrammet. Det er anleggseigar sjølv som spelar inn anlegget. Handlingsprogrammet synleggjer elles behov og prioriteringar av anlegg som kan løyse ut spelemidlar.

Der er no tid for rullering/endring av handlingsprogrammet

 

Frist for innspel til handlingsprogrammet er 20. august 2018.

 

Skriftleg innspel sendast til:

Du finn linkar til meir informasjon under "les meir".

 

Publisert av Anna Karete Bjørlo. Sist endra 16.07.2018
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering