Står du i manntalet?

Val 2015.png - Klikk for stort bilete Dersom du ikkje står i manntalet i kommunen, kan du ikkje røyste ved stortingsvalet 2017.

Manntalet er no lagt ut til offentleg gjennomsyn i medhald av vallova § 2-6 og § 2-7 fram t.o.m valdagen på Eid rådhus, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Du kan og sjekke om du står i manntalet ved å ringe oss på tlf. 57 88 58 00.

Valkort:
Så snart valkorta er ferdig vil du få det tilsendt til den offesielle post-/gateadressa di. Valkortet viser at du er innført i manntalet og har røysterett i kommunen din. Vi opplevere at nokre kort kjem i retur til valstyret. Dette kan skuldast at du nyleg har flytta til anna adresse, eller at gateadressa di er ufullstendig. Dersom du ikkje får valkortet ditt bed vi om at du tek kontakt med Eid valstyre på tlf. 57 88 58 00.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan med urett er innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Klagen skal vere skriftleg og skal sendast Eid valstyre, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Eid valstyre
Alfred Bjørlo
leiar i valstyret

 

Relaterte artikklar:- Val 2017 - Tidlegrøysting

- Stortingsval og sametingsval 11. september 2017

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering