Statens naturskadeerstatning- kan gje erstatning for skadar som ikkje dekkast av privat forsikring

Landbruksdirektoratet - Klikk for stort bilete

Den offentlege naturskadeordninga kan erstatte skadar som direkte skyldast ei naturulykke som f.eks. flom, storm, stormflo og skred. Ordninga omfattar skadar der det ikkje er mulig å teikne privat forsikring. Erstatninga dekker reparasjon, og ikkje forbetring eller sikring mot ny skade.

 

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 18.10.2018

Kven kan søkje?
Private grunneigarar
• Tomtefestera
• Andre med rettigheiter til privat eiendom

Kva må eg gjere?
• Dokumentér skada så raskt som mogeleg – ta bilder
• Dokumentér kva det vil koste å reparere skada
• Send søknad innan tre månedar etter at skada skjedde


Du finn informasjon om korleis du søkjer og digitalt søknadskjema her


Det er Landbruksdirektoratet som behandlar søknaden din. Du får svar når søknaden er behandla – som oftast innan tre månedar. Du får pengar på konto når vi får dokumentasjon som viser at skada er reparert.





 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering