Stenging av vegen Harpefossen - Bjørkedalen

Vegbom Harpefossen - Klikk for stort bilete

I samråd med Volda kommune melder Eid kommune at vegen frå Harpefossen til Bjørkedalen kan bli stengd på kort varsel grunna utsikter til snø.

Vegkart Harpefossen - Bjørkedalen - Klikk for stort bilete

Vegen over Brekka mellom Harpefossen og Bjørkedalen vert ikkje brøyta ved snøfall og kan derfor bli mellombels stengd på kort varsel.

Eid kommune oppmodar hytteeigarar og andre grunneigarar også å førebu at vegen kan bli vinterstengd.

Den kommunale vegen vert stengd med vegbom like aust for Harpefossen skisenter. Stenginga vert samordna med Volda kommune.

 

 

Teknisk drift

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering