Stengjer fylkesveg 664 for tungtrafikk

Statens Vegvesen.png - Klikk for stort bilete

Pressemeldig frå Statens vegvesen:

Dagleg vurdering av rasfare
Andre juledag gjekk det eit steinras over fylkesveg 664 i Eid kommune. Store steinblokker gjorde mellom anna skade på muren på nedsida av vegen som er einaste tilkomst til grenda Navelsaker.
No har geologar frå Statens vegvesen vore på staden for å undersøka tilstanden til vegen. Dei har òg sjekka muren og fjellsida med drone. Det er bestemt at vegen skal haldast open for trafikk, men at rasfaren på staden skal vurderast dagleg framover.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 03.01.2019

Ikkje tillate for tunge køyretøy
- Skadane på muren under vegen gjer at me vurderer det som usikkert å køyra der med tunge køyretøy, fortel Lars Erik Karlsen, prosjektleiar for drift og vedlikehald i Fjordane.
Etter undersøkingane i dag er det difor bestemt at grensa for maksimum totalvekt tillate på denne vegen skal setjast ned til 9 tonn. Dette betyr mellom anna at store bussar ikkje vil kunna køyra på vegen, men t.d. personbilar og minibussar vil kunna passera.

Reinsk neste veke, so mellombels sikring
Karlsen opplyser at eit reinskelag er bestilt, og vil bli sendt inn for å reinska og sikra fjellsida over vegen i neste veke.
- Når fjellsida er reinska vil me prøve å sikre muren mellombels. Etter det lyt me vurdera på nytt om det er mogleg å setja opp att maksimumsgrensa for totalvekt, men det er lite truleg at me kan setja denne opp att til 50 tonn med det fyrste.

Permanent sikring av muren vil bli utført til våren. 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering