Takk for alle bidrag til TV-aksjonen 2018

tva2018_hovedlogo_rgb.jpg - Klikk for stort bilete

TAKK til alle i Eid som har bidrege til TV-aksjonen 2018! Takk for hjertevarme, takk til alle som gav til bøssene eller Vippsa, takk til våte bøssebærarar med godt humør, takk til ein strålande kommunekomité, takk til bedrifter som gav pengegåver, takk til Sparebanken Vest som alltid stiller opp og tel kvar ei krone! 

Ei spesiell takk til Opera Nordfjord som arrangerte konsert midt i operavekene og fekk inn meir enn kr 11.000, Oselie som auksjonerte ein konsert og fekk inn kr 23.000, BergArt som auksjonerte to spesiallaga smykker og fekk inn kr 10.400 og Sefar som auksjonerte ein varm gensar og hue til kr 2.500! 

Og takk til Stryn kommune og varaordførar Torstein Tvinnereim som utfordra oss til ein artig naboduell! Eid kommune fekk inn totalt kr 307.812/ kr 49,99 per innbyggjar - Stryn kommune fekk inn totalt kr 331.652 / kr 46,09 per innbyggjar! (tala frå auksjonsobjekta er ikkje med i denne statistikken - då hadde Eid havna på kr 337.000 totalt)

Hjarteleg takk til alle som har bidrege til at vi kan skape eit varmare og meir inkluderande samfunn! MINDRE ÅLEINE SAMAN

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 23.10.2018

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering