Høyring - Endring av siste frist for spreiing av husdyrgjødsel

Traktor.jpg - Klikk for stort bilete I Eid kommune si lokale forskrift er siste frist for spreiing av hudsyrgjødsel utan nedmolding satt til 15. september kvart år. Fristen vert føreslege endra til 1. oktober kvart år.

Frist for å kome med merknader til endringsforslaget er sett til 31. mars 2016.

 

Publisert av Kristine Dahl. Sist endra 15.02.2016

 Forskriftsendring

I lokal forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav for Eid kommune er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding satt til 15. september kvart år.

Teknisk- og samfunnsutvalet vedtok i møte den 12. februar 2016, sak TSU-019/16 , å sende følgjande forskriftsendring ut på høyring:

«I medhald av forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 fjerde ledd, vert siste frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark i Eid kommune sett til 1. oktober».

Det er ein føresetnad for slik spreiing at dei klimatiske tilhøva tilseier det. Les meir om husdygjødsel på Landbruksdirektoratet si fagside.

Høyringsfristen er satt til 31. mars 2016.

Merknader til forskriftsendringa kan sendast som e-post til post@eid.kommune.no eller som brev til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Spørsmål i saka kan rettast til plan- og  utviklingssjef Kristine Dahl.

E-postadresse: kristine.dahl@eid.kommune.  Telefonnummer: 90 53 61 57.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering