Mindre endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs rv 15 Mogrenda - Nor - Melding om vedtak

I møte 3. september, vedtok Eid formannskap mindre endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs rv 15 Mogrenda - Nor, med heimel i pbl. § 12-12, jf. §12-14.

Formålet med den mindre endringa er å legge til rette for ei betre vegutløysing til bustadar i dette området.

 

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 07.09.2015

Etter vedtak i Eid formannskapet sitt møte 3. september i F-sak 151/15 (PDF, 102 kB), er følgjande mindre endring utført:

1. Justering av tilkomstveg

Ny tilkomstveg til gnr. 56 bnr. 28 og 87 vert justert, slik at den vestlege delen av tilkomstvegen vert flytta mot nord inn på gnr. 56 bnr. 35. Bakgrunnen for denne justeringa er å sikre tryggare tilkomst med tanke på sikttilhøve i tilknyting til eksisterande bygningar i området.

2. Nytt areal til snøopplag

Det er ikkje sett av areal til handtering av snøopplag i tilknyting til ny tilkomstveg i gjeldande reguleringsplan. For å kunne handtere snøopplag om vinteren, vert eit mindre område på gnr. 56 bnr. 35, i tilknyting til ny tilkomstveg til gnr. 56 bnr. 28 og 87, sett av til anna veggrunn. Bakgrunnen for denne justeringa er å sikre eit område til snøopplag.

Saksdokument:

Plankartet med mindre endring av reguleringsplanen for gang- og sykkelveg langs rv 15 Mogrenda - Nor vedteke av formannskapet 3. september (PDF, 54 kB)

Klage:

Fristen for å klage på vedtaket er sett til tysdag 29. september 2015. Merk eventuell klage med: «15/1226», og send per e-post: post@eid.kommune.no eller brev til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering