Tenk tryggleik og klypp hekken før skulestart!

Illustrasjonsbilde til klypp hekken - Klikk for stort bilete

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om stusse hekkene i samband med skulestart.

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mister ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Publisert av Unni Hermansen Torheim. Sist endra 07.08.2019

Ein lovpålagt stuss

Folk som bor langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigendomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I disse dagar startar barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mogleg skal gå og sykle. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må være synlege langs vegane, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

Å sørge for fri sikt er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bor ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal være god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Berre ein halv meter

Når du står fire meter inn i avkøyrselen din skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje være høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.

– Det kan av mange oppfattast som svært lavt. Eg trur ikkje alle kjenner til denne bestemminga. Det er i alle fall mange hekkar som hindrar sikten, seier Audun Heggestad.

Trygg Trafikk er opptekne av at skulevegane skal vere så trygge som muleg og vonr opmodinga vert teken vel imot.

hekk_skulestart.jpg - Klikk for stort bilete

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering