Thomas Vingen Vedeld ny kommuneoverlege i Eid

Kommuneoverlege_vingen_vedeld.jpg - Klikk for stort bilete Dr. Thomas Vingen Vedeld er tilsett som kommuneoverlege i Eid. Det er fyrste gong sidan 2001 at Eid har hatt kommuneoverlege. Dr. Vingen Vedeld vart måndag ynskt velkomen i stillinga av ordførar Alfred Bjørlo, rådmann Åslaug Krogsæter og kommunalsjef Kari Krogh.

- Å få på plass kommuneoverlege er ei særs viktig styrking av helsearbeidet i Eid, seier rådmann Åslaug Krogsæter og ordførar Alfred Bjørlo. Dr. Vingen Vedeld er 38 år og spesialist i allmennmedisin. Han er fastlege, lege i psykososialt kriseteam, lege ved Eid helsestasjon og skulelege.

Kommuneoverlegen vil få ansvar for dei samfunnsmedisinske tenestene i kommunen, og vil vere sentral i å følgje opp samhandlingsreforma og det utvida kommunale ansvaret for helsetenester til innbyggjarane.

Den nye stillinga som kommuneoverlege er ei 50% stilling som også gjer det råd å auke den samla fastlegekapasiteten i Eid. Dr. Vingen Vedeld held fram i 50% stilling som fastlege, i tillegg blir det oppretta ein ny 100% fastlege-heimel. Dermed blir det større samla fastlege-kapasitet i Eid. Dette vil også gje betre legedekning ved Nordfjord Legevakt, som er felles legevakt for Selje, Vågsøy, Eid, Stryn og Hornindal bemanna av fastlegane i desse kommunane.

Eid kommune markerte også samtidig at kommunen overtek drifta av Eid Legekontor frå 1.1.2016 med ei blomehelsing til dei tilsette ved legekontoret og ei bokgåve. Legekontoret går inn som ein del av ei nyoppretta samla kommunal helseavdeling i Eid kommune. Helseavdelinga består i tillegg til legekontoret av fysio-/ergoterapi, helsestasjon og psykolog.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 11.01.2016
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering