Tilskot til grovforlager, ungdyravdeling og mjølkerobot på mjølkebruk med lausdrift

Logo Innovasjon Norge.PNG - Klikk for stort bilete

 

Innovasjon Norge Sogn og Fjordane har fortsatt ledig omlag 20 millionar av den årlege ramma på 47 millionar i IBU- midlar 2019.

Mange med planar om omlegging frå bås- til lausdrift, ventar med å søkje om støtte til 2020 pga nye reglar frå 2020, om auka støtte til driftsbygningar i tre.

Innovasjon Norge opnar difor for også å yte tilskot til mindre prosjekt på mjølkebruk med lausdrift, ut 2019 ; grovfòrlager, ungdyravdeling og omlegging frå mjølkestall til mjølkerobot, med meir.

Ein kan pårekne ein støttesats på 20 til 25 % tilskot av godkjend kostnadsoverslag.

Det vert ikkje gitt støtte til liknande investeringar i båsfjøs, med unntak av mindre tiltak i samband med generasjonsskifte.

 

Kontaktpersonar

Landbrukskontoret for Eid og Gloppen : Trine Alme . Tlf : 979 91 048. Epost : trine.alme@eid.kommune.no

Innovasjon Norge Vestland : Vemund Aartun. Tlf : 992 93 696. Epost : vemund.aartun@innovasjonnorge.no

 

 

 

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 11.09.2019

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering