Treffpunkt - Frivillig i Stad 3.september

Stad kommunevåpen.png - Klikk for stort bilete

Korleis søke spelemidlar og andre tilskot til ditt lag?

Draumen om eit nytt idrettsanlegg, ein ny klatrepark, eit nytt friluftsanlegg, eit modernisert forsamlingslokale. -Korleis kan vi få det til?

 

 

Påmeldingsfrist 02.september.2019

 

Påmelding her.

 

Invitasjon (PDF, 867 kB)

Publisert av Anna Karete Bjørlo. Sist endra 30.08.2019

 Korleis søke spelemidlar og andre tilskot til ditt lag?

Tysdag 3. september inviterer Stad kommune til samling for lag og organisasjonar som ønskjer oppdatert kunnskap om korleis søkje midlar til å byggje idretts- og nærmiljøanlegg, oppgradere leikeareal og modernisere kulturbygg/forsamlingslokale m.m.

Vi stiller med knallgode innleiarar og mat, og håpar mange vil vere med oss denne tysdagskvelden. Stad kommune har som mål å rigge eit sterkt fellesskap mellom de som driv frivillig arbeid og gjer tunge dugnadsløft i heile Nordfjord. Gjennom å bli kjende og dele kunnskap kan vi lettare løfte oss i lag!

Målgruppe: Tillitsvalde i idrettslag, friluftsorganisasjonar, frivillige organisasjonar som driv forsamlingshus/grendahus, FAU ved skular og andre interesserte. Arrangementet er ope for deltakarar frå heile Nordfjord.

Arrangør:
Stad 2020, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sparebankstiftinga.
Kurshaldarar:
Atle Skrede (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Pål Fidjestøl Sparebankstiftinga

Program
17.30 - 18.00 Oppmøte og servering av ettermiddagsmat med sosial prat
18.00 - 18.10 Velkomne praktisk informasjon
18.10 - 21.00 Spelemidlar v/Atle Skrede, Sparebankstiftinga v/Pål Fidjestøl , evt . Gjensidigestiftelsen

 


Velkomen!

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering