Utviklingsplan for Eid kommune 2008-2012 - rullering av handlingsdelen 2009

Fotograf: Lars Lunde
Øyane fotograf Lars Lunde

Kommunestyret har den 17.12.09 vedteke ny handlingsplan og prioritert tiltak i 2010. I tillegg til vidareføring av alt oppstarta prosjekt som VAKN, profilering og utvikling av opplevingsnæringa i Eid,  er samarbeid for næringsutvikling, oppretthalde og vidareutvikle Nordfjord sjukehus, utvikling på Harpefosen med bl.a. ny fjellheis på Furuhogane og ny satsing i Lefdal gruver med som prioriterte tiltak i 2010.

Publisert av Gerd Fløde Bjørlo. Sist endra 03.08.2011

Eid kommune sin utviklingsplan skal vere eit arbeidsreiskap for det næringsutviklingsarbeidet som Eid kommune saman med næringsliv og andre grupper, målretta skal samarbeide om.

Handlingsplanen er delt inn i 5 satsingsområde, og innanfor kvart av desse satsingsområda er det ei rekke med tiltak som er viktige for vidare utvikling innanfor desse områda.

Utviklingsplanen skal også vere eit styringsverkty for tildeling av midlar frå næringsfondet.  Næringsfondet skal prioritere større fellesprosjekt etter dei prioriteringar som er vedtekne.

Teneste (1)
Journalpost (1)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering