Varsel om privat forslag til mindre endring av reguleringsplan for Øyane og Malakoff

Utsnitt - mindre endring av regulerignsplan for Øyane og Malkoff - med omriss og kommentar - Klikk for stort bilete I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 varslar Eid kommune om forslag til mindre endring av reguleringsplan for Øyane og Malakoff.

Forslag til mindre endring er basert på søknad frå Dvergsdal og Sunde datert 03.11.2015 (PDF, 5 MB).

Formålet er å legge til rette for 4-manns og 6-manns bustadar som kan passe for familiar i etableringsfasen.

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 11.11.2016

Forslag til mindre endring:

Forslaget til mindre endring av reguleringsplan for Øyane og Malakoff er avgrensa til å berre omfatte plankartet, og herunder berre gnr. 46 bnr. 186. Forslaget går ut på å utvide området avsett til bustad inn på området som i reguleringsplanen er avsett til hotell i plankartet.

Nordfjord Hotell eigedom AS er grunneigar for dette området, og Dvergsdal og Sunde har inngått ei samarbeids- og utbyggingsavtale med dei om utvikling av området. Forslagsstillar grunngjev søknaden om mindre endring med at utviding av område til bustad vil gje ei heilskapleg prosjektering og ei god utnytting av området. Under er eit utsnitt frå plankartet med ein illustrasjon som syner omfanget av endringa. (PDF, 200 kB)

Utsnitt - forslag til mindre endring - reguleringsplan Øyane og Malakoff - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Endringa vil vere ei justering av grense mellom ulike arealformål til byggeområde og kan difor i utgangspunktet handsamast som ei mindre endring av reguleringsplan. I gjeldande plan er området til bustad 2,9 daa, etter mindre endring vil området vere på 5,2 daa. 

Til orientering søkte Dvergsdal og Sunde samtidig om dispensasjon frå rekkjefølgjekravet som handla om opparbeiding av vegkryss. I brev datert 23. september 2016, stadfesta Fylkesmannen teknisk- og samfunnsutvalet sitt vedtak om å avslå søknaden om dispensasjon i møtet 18. mars 2016, TSU-030/16. Denne delen av saka er såleis avslutta.

Å utvide område avsett til bustadbygging i Nordfjordeid sentrum vil vere i tråd med dei statlege planretningslinjene for samordna bu-, areal- og transportplanlegging. Vi viser til at rekkjefølgjekravet om opparbeiding av nytt vegkryss vil sikre ei trafikksikker vegløysing som kan handtere ei eventuell auke i trafikk som følgje av utviding av bustadområdet. Nærleik til servicetilbod i sentrum kan redusere transportbehovet ved å senke terskelen for å velje å gå eller sykle til jobb, skule og fritidstilbod.

Uttale:

Dersom du har synspunkt på dette forslaget til mindre endring av reguleringsplanen for Øyane og Malkoff, har du høve til å gje ei skriftleg uttale før endeleg behandling.

Frist for å kome med uttale er sett til mandag 12. desember 2016.

Uttale skal merkast med «16/20480» og sendast per e-post: post@eid.kommune.no eller post til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Vidare handsaming:

Når høyringsfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før saka vert endeleg behandla. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader vil det vere aktuelt å gjennomføre den endelege behandlinga i januar 2017. Partar i saka vil få tilsendt melding om vedtak.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering