Vedlikehald av skogvegar

img_4012.jpg

Det står ein ”skogvegvoktar ” i eit kryss i Eid kommune slik at den passer på alt rundt om. I kommunen har vi mange fine vegar i skogen. Både frå ”gamle gode dagar”, og frå siste åra. Mange av dei blei bygd med tilskot frå staten, eller frå kommune. Målet er – å behalde dei i god stand. Derfor bør eigarane vere opptatt av vedlikehald på vegane. Ved å motta tilskot frå det offentlege til bygging, forpliktar eigar seg til å vedlikehalde skogvegen.

Fylkesmannen og kommunen gjennomfører kontrollen på vedlikehald av skogsvegar først og fremst for å bevisstgjera skogeigar på det ansvaret han har og kva det er å tena på eit jamleg vedlikehald. Utrasing på vegar og liknande, som følgje av tette stikkrenner og flaum, vert veldig dyrt samanlikna med kva eit jamt vedlikehald hadde kosta.

Tekniske krav og punkt som kommunen vil leggja vekt på under vedlikehaldskontrollen er:

  • At veggrøfter er reinska slik at vatnet renn der det skal
  • At alle stikkrenner er opne, at røyrene er heile og funksjonelle 
  • At det er funksjonelle kummar framfor alle stikkrenner
  • At vegkroppen har den form den skal ha, slik som kuv eller dosering, dette er serdeles viktig
  • For at vatnet skal renne av vegen. Vil her og kontrollera slitelaget på vegen
  • At skog og kratt er rydda i god breidde langs vegen
  • At snuplassar, velteplassar og møteplassar er ryddige og funksjonelle
  • Me vil og kontrollera eventuelle bruer og ferister

Alle tekniske krav til vegar finst på internett adresse: http://www.skogkurs.no/vegnormaler/index.html

Dessutan legg vi med tilleggskjelder som kan vere til hjelp ved vedlikehald av vegar.

Les meir i lenka til høgre  på sida. Under fana "Praktisk informasjon" og "Skjema".

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering