Vedlikehald - kartlegging av bygningar

For å få ei oversikt over trong for vedlikehald av den kommunale bygningsmassen har driftsavdelinga no starta ei vedlikehaldskartlegging. Kartlegginga skal munne ut i ein vedlikeholdsplan
Publisert av kursbruker 1. Første gong publisert 18.02.2005
Fotograf: Jarle Åsebø
Stårheim skule 2 fotograf Jarle Åsebø
I Trøndelag er det foreteke ei kartlegging av etterslep av vedlikehald i den kommunale bygningsmassen. Kartlegginga der syner eit etterslep på kr 1200 pr kvadratmeter. Har vi det samme etterslepet i Eid tilsvarer det eit etterslep på mellom 40 og 50 millioner kroner.

Eid kommune har ein bygningsmasse til ein verdi av 600 millioner kroner, det er viktig å ta vare på denne verdien.
Driftsavdelinga har difor starta ei kartlegging av trongen for vedlikehald i den kommunale bygningsmassen. Kartlegginga skal munne ut i ein plan for vedlikehald. Dette for å sikre at budsjettmidlane vert nytta på best mogleg måte og for å klargjere kva som er naudsynt for å kunne oppebere ein god kvalitet i bygningsmassen.

Driftsavdelinga skal innom alle bygg, dei einskilde avdelingsleiarane vil bli involverte i kartlegginga.
 
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering