Velkomen til ny heimeside

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Kart over Eid fotograf Asbjørn Tverberg
Vi er glade for å kunne vise deg den nye heimesida til Eid kommune, og vi håpar sida vil bidra til god kommunal informasjon.
Vi har laga sida vår i lag med dei andre kommunane i Nordfjord, og alle er no på lufta med nye sider.
Publisert av Terje Moldestad. Første gong publisert 03.03.2005
Den nye heimeside er eit resultat av eit Nordfjordsamarbeid. Kommunane Eid,Gloppen,Stryn, Hornindal, Vågsøy, Bremanger og Selje lanserer i desse dagar ny heimeside.

Vi håper innbyggjarane vil bruke den i sin kontakt med oss.

Vi tykkjer sjølve at den nye heimesida er blitt bra, og vi skal arbeide fortløpande for å gjere ho endå betre. Ikkje alle menyar har like god informasjon frå første dag. Vi må berre innrømme at dagane har gått for fort no fram til lansering.

I løpet av våren kjem fleire tilbod ut på sida. Det mest spennande vil truleg vere elektroniske skjema. Du må berre følgje med og sjå kva som skjer!
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering